Meldingar frå Strandgaten 21.

28/2/2007

Ny blog…

Filed under: Reservoarpenna — Administrator @ 12:44

Hei, sidan eg er så lite flink med data og slikt(latar i alle fall som) så har eg laga meg ein ny blog

muleg Arild kan hjelpe meg å fikse slik at den bloggen også vil ha adresse endre.paraply.org om det er mogleg då.

Har m.a. lagt inn nokre bilder på bloggen frå testing med M42 Super-Takumar 85/1,9…

endreholen.blogspot.com

27/1/2007

Vinterbergen

Filed under: Reservoarpenna — Administrator @ 18:11

Ja, så har vi altså hatt nesten ei veke med snøvær og vinteraktig årstid her i Bergen by, slikt medfører eksplosjonsarta sal av ski, akebrett og vottar. Har vore ute med både 1.klassingar og 5. klassingar på aketur. Når det gjeld 1.klassingar(6år) så tek det overmåteleg lang tid å kome seg frå skulen til akebakken. Nokre har ei steglengde som omtrent medfører stilstand, medan andre anten går sikksakk eller prøvar å dra akebrett med x-antall ski/sekkar og andre 1.klassingar. Alt dette og meir til gjer at 1.klassingar brukar svært ulik tid på å gå ei gitt strekning. Når dei er framme i akebakken er det moro å sjå at dei fleste er litt lite redde for bratte bakkar og høg fart. Ingen bremser der nei. 5.klassingar brukar kort tid til og frå akebakken, men dei fleste er dårleg kledd, dongribukse og dunjakke er over middels påkledning. I tilleg har nokre stor tru på at ein ved å ligge heilt roleg i snøen, eller sitte heilt i ro på eit akebrett, ikkje vil kome til å fryse….

I dag var eg og Arild ein liten spasertur i Fjellveien, det bar snøføre og stor tettleik av akebrett(framleis Stigakjelken som dominerer) og på veg ned att tok snøen til å dale tett. Ein fin luftetur. Kamera var med, men vart ikkje mykje nytta. Likevel eit lite bilete av sandviken.

Flickr.com igjen…

Filed under: Reservoarpenna — Administrator @ 17:18

Jau, no har eg fått lasta opp nokre bilete frå Paris.

Paris januar 2007.Flickr.com

24/1/2007

Nytt år, nytt forsøk.

Filed under: Reservoarpenna — Administrator @ 22:50

Ja, ja…som det rotehovudet eg er har eg sjølvsagt klart å gløyme passord på flickr kontoen min…har forsøkt alle tenkelege måtar å få nytt passord og slikt, men neida. Heldigvis er det berre å lage ei ny side ;-) Så no tenkte eg å prøve igjen. Dei første bileta er frå turen til Paris forrige veke. Eit fin avbrekk frå regn og vinter. Deilig. Skal og prøve å få litt meir liv her på sida mi.

2007 så langt :

Har for det meste jobba som lærar. Har hatt to heile veker på to ulike skular, og litt småoppdrag innimellom. Dei to vekesoppdraga har vore i 1.klasse på to barneskular. Det har vore veldig kjekt, og kvar dag inneheld både utfordringar og morosame episodar. Kanskje kjem det nokre anonymiserte gullkorn her etterkvart.

Paristur. Ingeborg, eg, Tonje og Oddbjørn hadde 4 1/2 dag i Paris forrige veke. Med sol, grønt gras, litt vind, litt regn, mykje god mat, litt dårleg mat(m.a. ein dyr sushirestaurant som ikkje kunne måle seg med Nama her i Bergen), mykje trakking, metrokjøyring, ost, vin og alt som høyrer til. Alt i alt kjekt.

Besøk av slekt. Lars min “svenske” bror var her nokre dagar, samt at eg fekk besøk av Henriette, søskenbarn, som eg ikkje hadde møtt på x antall år. Ho og mannen hennar David overnatta frå sønfag til mandag. Bra at vi har “litt” betre plass her i Strandgaten 21.

1/7/2006

Bilete frå ferien.

Filed under: Reservoarpenna — Administrator @ 15:42

No har eg lagt ut nokre bilete på flickr..

Flickr.com

29/6/2006

Eg har større hender enn deg, Marte!

Filed under: Reservoarpenna — Administrator @ 16:38

Dagen før vi reiste til Italia fekk eg møte Marte for første gong. Sølvi og Bjørn Aage tok med seg si vesle jente og kom på besøk til oss på Nygård, Nøtterøy. Vi hadde ein fin dag i sola, med vafler, entrecotè og mormor si eineståande eplekake! Då eg ikkje har bilete av eplekaka vert det vesle Marte som får illustrere denne dagen(sjølvsagt!), og her knip ho tak i ein av mine fingrar medan eg knipsar bilete med den andre handa. Ho er berre ein mnd. på biletet så det er vel ikkje så rart at mine fingrar er tjukkare? Jada eg veit at eg har tjukke fingrar….men lange er dei ikkje!

Marte 1mnd. Endre 27 år(hand)

Attende i Noreg

Filed under: Reservoarpenna — Administrator @ 13:07

Etter 10 deilige varme dagar i Italia/Frankrike er eg no attende i Bergen. Omlag halve temperaturen, men ok….det kunne ha regna! Har ete mykje god mat, køyrt 1000km bil, litt tog, sett mykje, teke mange bilete og brukt ein god del pengar, men alt i alt ein fantastisk ferietur! Eg skal poste nokre bilete på flickr.com snart!

5/6/2006

Samandrag

Filed under: Reservoarpenna — Administrator @ 10:38

Nattjazzen er over, eg er trøtt. Eksamensmapper i ped. er levert, ja ja. Eg jobbar fulltid som lærar, 1 1/2 veke att.

Reiser til Italia 18. juni. Landar i Bergamo. Reiser heim frå Nice 28 juni. Mellom desse datoane vil vi til ein kvar tid vere ein plass i Nord-Italia. T.d. Verona, Venezia, Parma….

Følg elles med på www.flikr.com/people/endre

24/5/2006

Nattjazz.

Filed under: Reservoarpenna — Administrator @ 13:44

Nattjazz tek til i dag, for dei som ikkje har høve til å vitje festivalen kan musikk frå deltakande musikarar høyrast på Nattjazzradioen Nattjazzradio

18/5/2006

Flickr på plass!

Filed under: Skioptikon — Administrator @ 21:02

Etter mykje mas frå Arild og Kenneth har eg somla meg til å få laga ein flickr-konto!
Check it out: flickr.com/photos/endre

Elles håpar eg at 17-40/4Lèn vil bli brukt mykje framover…..då vert det vel og ein del posting på denne flikr-sida får vi tru!

Skal forresten jobbe som frivilleg under Nattjazzen som tek til neste veke(onsdag 24)…det kan bli artig, og eg håpar at jobben som garderobevakt(nesten sjef for heile festivalen!!??) kan kombinerast med ein del konsertlytting og fotografering.

Next Page »

Powered by WordPress